Namsens Auge
- Eit friluftsspel om livet på
og ved Namsen i Grong
Eit møte og ein kamp ved Namsen, der lorden og storbonden står mot fløytarar og vaskertauser sommaren 1939, når krigsskyane heng over Grong og Europa.
Med Kristoffer Sagmo Aalberg i hovudrolla og Henriette Sørli som dansar, i samspel med 30 amatørskodespelarar.
Av: Torvald Sund
Musikk: Asgeir Skrove
Regissør: Roar Tromsdal
Meir enn 2500 menneske så årets framsyningar - noko som gjorde eldsjelane bak svært nøgde! Dei er allereie i gang med å legge planar for neste års spel!