Lucky in Chains
Fuzz er tilbake, og gutta i studio fortsetter på si tidsreise tilbake til Grunsjen og det glade 90-tall. Dermed er ingenting hellig, og det vert ei salig blanding av midtskill, nostalgi, og masser av variert og god rock og metal.
Torger Havåg · Fuzz
Publisert: 28/09/2010 Sist oppdatert: 30/09/2010 17:51
Forrige veke fikk vi høyre Brutallicus i snakk med dei gjenforente 90-talls heltane i Alice in Chains, og i dagens sending får vi andre og siste del av det bandet hadde å seie under pressekonferansa på Peace and Love festivalen i Sverige i sommar.
Eit anna band som vi også stifta bekjentskap med i forrige veke var Lucky Lew. Bergensbandet kom akkurat med si nye plate «Beauty in Agression», og i siste del av Knut’s prat med bandet får vi vite meir om innspelinga av plata, som gjekk føre seg i det smått legendariske RadioStar Studios i Nord-California.
I tillegg til denne flommen av intervju, vert det som vanlig snakk om ting du absolutt ikkje forventar deg, og musikk frå Iron Maiden, Enslaved og The Rotted.
Lucky Lew intervju del 2
Audio clip: Adobe Flash Player (version 9 or above) is required to play this audio clip. Download the latest version here. You also need to have JavaScript enabled in your browser.
Alice In Chains del 2
Audio clip: Adobe Flash Player (version 9 or above) is required to play this audio clip. Download the latest version here. You also need to have JavaScript enabled in your browser.
Fuzz, din Rock- og Metal-redning frå 12-13, kvar Onsdag, på Studentradioen i Bergen
Tweet